"Plastic fantastic"!!Åh for eit deilig land me lever i. Plast kor me enn snur og vender oss.Plastbiler, plastposer, plastinnlegg, plastkorger, plastblomster, plastikkbukser, plastnaser...Ja lang lang rekke..Plasten er så godt festa på at ein nærast må ty til vold for å kvitta seg med han.
Ein dag hadde eg kjøpt nokre billedrammer som eg skulle ha plasten av. Eg stod og klorte nøysommeleg på plasten medan eg prøvde å finne opningen. Nyttelaust!det kokte inni meg. Eg fann brødkniven og stakk han rett inn, men plasten var så seig og umedgjerleg at det endte med at eg slengde heile ramma i golvet så ho delte seg i to.Endeleg var plasten av. Men ramma vart det mindre med.
Eg gidd ikkje meir av dette i dag. No går eg i kjøleskapet og finn meg ei gulrot. Vart svolten av den fantastiske plastikken. Ikkje hadde eg laga middag heller.. Eg tok ut gultrotpakken som var heilt ny. Innsvøpt i plast. Tok tak i eit luftehol og fekk spjæra opp heile greia. Mugglukta breidde seg i rommet medan nokre halvrotne, sleipe gulrøtter datt ned på mine nakne tær. Eg gav opp. Denne dagen var misslukka frå ende til annen...Stortåa mi var både gul og blå. Men som Alf Prøysen skreiv ein gong i tida: "Du skal få ein dag i morgon som rein og ubrukt står. Med blanke ark og fargestifter til".
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlett